| Kompetansesenteret for Robotteknologi

Kompetansesenteret for Robotteknologi er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, Osterøy vidaregåande skule, og fem av dei største produksjonsbedriftene på Osterøy.

Prosjektet har som mål å styrka kompetansen innan robotteknologi, gjennom å etablera eit kompetansesenter og støtta opp under rekrutteringa til skulen.

Kompetansesenteret tilbyr kurs og kompetanseheving for både offentleg og privat sektor.

fremmer innovasjon gjennom bruk av robotteknologi, og bidrar med rådutvikling og deling av kompetanse.

tooltip text
K. Lerøy
Mjøs
Tysse
Osterøy VGS

Kurs og kompetanseheving - for både offentleg og privat sektor

Våre kurs og kompetansehevingsprogram gir deg ei moglegheit til å tileigna deg kunnskap og ferdigheiter innan bruk av robotteknologi.

Ved å delta i våre kurs og opplæringsmoglegheiter, legg du eit grunnlag for å styrka både di teoretiske innsikt og dine praktiske ferdigheiter innanfor robotteknologi, slik at du kan møte kompetansekrava i arbeidslivet.

Ta kontakt med oss for ein prat om di kompetanseheving

 

Innovasjon gjennom bruk av robotteknologi

Fordi vi trur at ved å anvende robotteknologi på nye og kreative måtar, vil det bidra til å utvikle nyskapande løysingar i arbeidslivet. Det kan for eksempel bety å forbetre eksisterande arbeidsprosessar, eller skape nye moglegheiter. Vi trur at å fremme innovasjon gjennom bruk av robotteknologi, bidrar ein til å løyse komplekse problem, redusere kostnadar, og drive fram utvikling.

Utvalde fordelar med robotisering

Auka produktivitet, produksjonstid og effektivitet
Forbetra kvalitet og fleksibilitet
Betre sikkerheit og lågare belastning på arbeidarar
Forbetra ressursutnytting og lågare klimaavtrykk
Moglegheit for datainnsamling og prosessforbetring
Betre utnytting av kompetanse og reduserte kostnadar

Kompetansenettverk innan robotteknologiFor ei vellukka grøn omstilling

Vi byggjer eit kompetansenettverk innan robotteknologi, der formålet er å auke konkurranseevna til verksemder, støtte utdanningane, og skape jobbmoglegheiter for unge og vaksne.

Teknologikompetanse innan robotteknologi vil vera ein viktig kompetanse for å drive det grøne skiftet. For at norske industribedrifter skal kunne forbli konkurransedyktige gjennom omstillinga, er det nødvendig å auke kompetansen innan områda som har størst innverknad til å oppnå ein berekraftig produksjon.

Ved å effektivisere, utnytte arbeidskapasiteten betre, nytte råvareressursene betre, få ned produksjonskostnadane og meir effektiv bruk av energi, vil auka kompetanse innan robotisering bidra til å nå desse måla, samt frigjøre arbeidskapasitet som kan rettast mot nye utfordringar.

Fag- og yrkesopplæringa treng denne kompetansen for å komma i møte dei forventningar og krav som ligg der fra arbeidslivet. Vi ynskjer derfor å samarbeide og læra av den fremste ekspertisen på området innen bruk, integrasjon og opplæring på robotteknologi. Ikkje minst vil både du og utdanningssektoren halde seg oppdatert og kunne tilby relevant opplæring til elevar og studentar.

Ved å tilby personar og aktørar eit samarbeidsnettverk, skal vi dele og utvikle kompetansen, tilby kurs og opplæring, og fremma innovasjon innan robotteknologi. Kompetansenettverket er unikt, då det byggjer samarbeid på tvers av sektorar, verdikjeder og bransjer.

Bli med på samarbeidet for å sikre rekruttering, rett kompetanse for dine ansatte, og ein oppdatert utdanningssektor.  – register deg under for nyheitsbrev og invitasjon til aktuelle samlingar.

7 + 7 =

FNs berekraftsmål

Robotisering – eit premiss for berekraftig utvikling

Samarbeid er nøkkelen for å lukkast

Mange av bedriftene i Vestland konkurrerer globalt i arbeids- og kompetanseintensive bransjar. Norge har eit høgt lønnsnivå, noko som stiller krav til høg produksjonseffektivitet per arbeidar for å oppretthalde konkurranseevna i forhold til internasjonale konkurrentar. Å oppretthalde og auka effektiviteten og konkurranseevna er kritisk for å bevare arbeidsplassar og viktige hjørnesteinsbedrifter i Vestland.

Vi seier at det er i samarbeidet mellom næringsliv, kompetansemiljø, det offentlege og innbyggjarane dei nye grøne forretningsmoglegheitene oppstår.

Berekraftsmål 17 – Samarbeid for å nå måla, symboliserer i stor grad bakgrunnen for opprettinga av kompetansesenteret og er ein rettesnor for utviklinga av senteret vidare. Privat næringsliv og offentleg sektor i Vestland har eit stort potensial for å lukkast med å møte megatrendane som me står ovanfor, inkludert demografiske endringar, globalisering og klimaendringar, dersom me samlar dei gode kreftene og nyttar kvarandre si kompetanse og posisjonar i verdikjedene. Det handlar mellom anna om partnarskap mellom fleire interessentar, også mellom det offentlege og næringslivet. Kompetansesenteret vil bidra til å lyfte fram felles problemstillingar for næringane, dele informasjon og skape arenaer for erfaringsutveksling.

Råd, utvikling og deling av kompetanse

Vi tilbyr råd og rettleiing om du treng ekspertise innan robotteknologi. Dette hjelper din organisasjon med å ta informerte avgjerer for implementering av robotløysingar.

Deling og utvikling av kompetanse er ein viktig del av vår tilnærming, som betyr at vi er engasjert i å spreie kunnskap og innsikt for å hjelpe andre med å utnytte robotteknologien til sitt fulle potensiale.

Vi meiner at tett samarbeid mellom skule og arbeidsliv er avgjerande for å imøtekomma arbeidslivets behov, samtidig gir det eit verdifullt tilbod om kompetanseutvikling for skulen og kompetansesenterets dyktige lærarar og instruktørar.

Strålende fornøyd Næringsminister

Næringsminister Jan Christian Vestre åpnet kompetansesenteret i mars 2022. Han får formidlet resultatene så langt og har følgende reaksjon:

– Dette er fantastiske resultater! Ambisjonen var at kompetansesenteret skulle være en pådriver for å bygge kompetanse for det grønne skiftet, og for å øke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjoner og arbeidslivet. Dette har de åpenbart lykkes med, svarer Vestre.

 

– Hva kan andre lære av dette? 


– At det er fullt mulig å engasjere og motivere ungdommen til en karriere innenfor den fremvoksende grønne industrien. Den store fordelen ved at Osterøy har opparbeidet seg denne erfaringen, er at andre kan lære av hvordan man konkret organiserer et slikt samarbeid mellom opplæringsinstitusjoner, fagmiljø, kommuner og næringsliv for å skape en slik ønsket dynamikk, svarer Vestre.  (Kristine Askvik, 2023, shifter.no)

Solbjørgsdalen 12
5282 Lonevåg

vidar.tufteland@vlfk.no

+47 922 45 783